Bokmelding: Geir Sverre Braut

Klassisk om risikoanalyse

411-413

Michael 2022; 19: 411–3.

Marvin Rausand, Ingrid Bouwer Utne

Risikoanalyse: teori og metoder

Bergen: Fagbokforlaget, 2022

2. utgave. 460 s.

ISBN 978-82-450-3942-9

Risikoanalyse og samfunnstryggleik er ganske nye akademiske fagfelt. Grunnlaget for mykje av det teori- og metodesettet vi brukar i risikoanalyse i dag, kan sporast tilbake til 1970-åra. Då var det særleg innanfor industri, energiforsyning og samferdsle vi fekk utviklinga av risikoanalyse som eige fagfelt. Eit døme på kor faget alt då sto her i landet, finn vi i Granliutvalets utgreiing om tryggleiken ved kjernekraft (1, 2).

Mot slutten av 1990-åra dukka omgrepet samfunnstryggleik opp. Grunnlaget for det finn vi både nasjonalt og internasjonalt i ei kopling av risikoanalysen med samfunnsfagleg teori og metode. Samfunnstryggleik blei ganske raskt ikkje berre eit vitskapleg fag, men også eit praksisfelt og forvaltningsemne (3, 4).

Denne boka, som kom i si første utgåve i 2009, står trygt i den risikoanalytiske delen av denne tradisjonen. Utan å ta for seg heile samfunnstryggleiksfeltet, viser boka korleis både kvantitative og kvalitative risikoanalysar kan brukast som del av risikostyringa innanfor ulike samfunnssektorar. Dette kjem endå betre fram i denne andre utgåva enn tidlegare. No har forfattarane til dømes fanga opp risiko knytt til vondsinna truslar (security) og viser korleis risikoanalysar kan nyttast ved vurderinga av pandemiar.

Forfattarane har avgrensa perspektivet ved å sjå på akutte hendingar. Dette er fornuftig i ei bok som dette. Då må ein berre vera klår over at viktige forhold knytte til risiko ved langvarige eksponeringar i arbeidsmiljø og storsamfunnet ikkje blir fanga opp. Ikkje minst for helsepersonell er det viktig å merka seg dette.

Boka gir eit grundig oversyn over dei fleste risikoanalytiske metodane som er i vanleg bruk i dag. Vi får ein passe introduksjon til teorigrunnlaget. Framgangsmåten ved gjennomføring av dei ulike analysane kjem tydeleg fram. Slik sett eignar boka seg både for lesarar som ønskjer ei innføring i praktisk risikoanalyse og for dei som kan ein del frå før, og som vil ha eit samla oversyn over metodar i bruk i dag.

Teksten har ein kvantitativ grunntone, utan at ein mistar dei kvalitative aspekta av syne. Framstillinga er lagt nært opp til terminologi og overordna systematikk slik dette er framstilt i Norsk Standard NS5814 om risikoanalysar. Forfattarane legg såleis eit traust og trygt risikoomgrep til grunn. Men dei peikar tydeleg på at det slett ikkje er semje om bruken av grunnleggjande ord og uttrykk på dette området, utan at dette blir kritisk drøfta. For å få eit djupare innsyn i kor forskingsfronten står i dag, må ein gå til meir spissa litteratur (5).

Når det gjeld kjernetematikken for boka, er det knapt mogeleg å peika på manglar eller feil. Det skulle også berre mangla når begge forfattarane har vore sentrale i risikoanalytisk forsking og praksis gjennom fleire tiår. Likevel kunne eg kanskje ønskt meg noko større presisjon i omtalen av risikoanalysar med grunnlag i norske lovkrav. Presentasjonen av ulike direktorat sin funksjon som normsetjar og kontrollør er overflatisk. Det er viktig å vera klår over at risikoanalysar i petroleumsverksemda er noko anna enn risikoanalysar på mattryggleiksfeltet. Statsforvaltaren blir presentert med si nye nemning, men Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit står framleis som Post- og teletilsynet. Dette er bagatellar som på ingen som helst måte smittar over på det risikoanalytiske hovudinnhaldet.

Teksten er proppfull av gode og praktisk relevante døme. Forlaget har også gitt boka ei flott nettside med mykje nyttig støttestoff, mellom anna ferdige plansjar til undervisingsbruk og ein fin introduksjon til sannsynsrekning i risikofaget. Språket i boka er moderne bokmål. Teksten flyt godt.

Eg har brukt førsteutgåva i rykk og napp i undervising og vegleiing av mastergrads- og doktorgradsstudentar i ein tiårsperiode. Erfaringa mi er at dette er ei bok som studentane likar godt, fordi den er så klår på både teori og metode. Slik sett lever ho godt opp til den korte tittelen sin.

Boka har ikkje vore særleg kjent i medisinske kretsar. Det er synd, for her det nyttig kunnskap som gjerne kunne vore meir brukt også i helsetenesta. Boka viser indirekte at vi i helsetenesta ligg eit kvart hundreår bak fleire andre samfunnssektorar i risikostyringa vår (6).

Litteratur

  1. NOU 1978:35 A. Kjernekraft og sikkerhet. Oslo: Universitetsforlaget. https://www.nb.no/items/68a93fceb8053d84d043e1bb940bff38?page=0 (2.5.2022).

  2. NOU 1978:35 B. Vedlegg til utredningen Kjernekraft og sikkerhet. Oslo: Universitetsforlaget. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008052900061 (2.5.2022).

  3. NOU 2000:24. Et sårbart samfunn. Utfordringer for sikkerhets- og beredskapsarbeidet i samfunnet. Oslo: Justis- og politidepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2000-24/id143248/ (2.5.2022).

  4. Instruks av 1. september 2017 for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnssikkerhetsinstruksen). Oslo: Justis- og beredskapsdepartementet. https://lovdata.no/dokument/INS/forskrift/2017-09-01-1349 (2.5.2022).

  5. Aven T, Thekdi S. Risk science: an introduction. Richmond: Routledge, 2021.

  6. Braut GS. Risikoanalysar – verktøy for å finne det som er sikkert nok? Tidsskr Nor Lægeforen 1998; 118: 860. Tidsskrift for Den norske legeforening (trykt utg.): The Journal of the Norwegian Medical Association. 1998 Vol. 118 Nr. 6 (nb.no)

Geir Sverre Braut

Geir Sverre Braut er seniorrådgivar ved Stavanger universitetssjukehus og professor ved Institutt for samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.